Vil du vere med og skape læring gjennom trivsel og respekt? Tangen skule har ledig to 100 % vikariat som lærar, med tiltreding 01.02.27 og 01.03.27, og fram til 31.12.27, med mogleg forlenging. Søknadsfrist 14. oktober.
På Tangen skule ønskjer me at elevane våre skal oppleve tryggleik, meistring og lærelyst. No ser me etter engasjerte lærarar som vil vere med og skape ein god skulekvardag og bidra positivt inn i fellesskapet vårt.
Om Tangen skule
Tangen skule er ein 1.–10.-skule med 203 elevar. Til saman har 43 personar arbeidsplassen sin ved skulen, inkludert pedagogar, assistentar og støttefunksjonar. Du blir dermed ein del av eit stort og variert fagmiljø der ulike profesjonar samarbeider rundt elevane.
Les meir om stillinga her

Sist endra 30.09.2026 15:27