Lærar ved Farnes skule - 100% vikariat
Vil du vere med og skape læring gjennom trivsel og respekt?
Farnes skule har ledig 100 % vikariat som lærar, med tiltreding 01.02.27, og fram til 31.12.27. Søknadsfrist 5. november.
På Farnes skule ønskjer me at elevane våre skal oppleve tryggleik, meistring og lærelyst. No ser me etter engasjerte lærarar som vil vere med og skape ein god skulekvardag og bidra positivt inn i fellesskapet vårt.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som har godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Søkjarar med anna relevant utdanning og praksis kan òg bli vurderte.
For oss er det viktig at du ynskjer å bidra både til elevane si utvikling og til fellesskapet blant dei tilsette.
Me ynskjer oss ein kollega som:
- skapar gode relasjonar og møter elevane med varme, respekt og tydelege forventningar
- ser den enkelte eleven og legg til rette for tryggleik, trivsel og meistring
- er engasjert og tek initiativ
- likar å samarbeide og bidra aktivt i profesjonsfellesskapet
- deler kunnskap og erfaringar med kollegaene sine
- er kreativ, nysgjerrig og utforskande i undervisninga
- er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Les meir om stillinga her.
Sist endra 23.10.2026 12:35