La måkene vere i fred, dei er ekstra sårbare no.
Det er hekketid, og måkene er ekstra sårbare akkurat no. Oppmodinga frå kommunen er klar: la måkene og reira deira vere i fred.
Sist endra 03.06.2026 13:40
Per Harald Olsen
Sårbare akkurat no
Frå seinvåren og utover sommaren ligg måkene på reir og passar på egg og ungar. Nokre opplever måkene som bråkete i denne perioden, og at dei kan stupe mot folk som kjem for nær. Men åtferda er mellombels, fuglane forsvarer berre ungane sine, og roar seg ned så snart ungane er store nok til å klare seg sjølve. Akkurat no er den mest sårbare tida i heile året for dei.
Freda, og i tilbakegang
Måkene, reira og egga er freda etter viltlova. Fleire måkeartar har dessutan gått sterkt tilbake dei siste tiåra, og fiskemåka er til dømes vurdert som sårbar (VU) på den norske raudlista. Å fjerne reir eller egg no er ikkje berre skadeleg for artar som allereie slit, det kan òg vere eit lovbrot.
Slek handterar du måkene
- Ikkje fjern reir, egg eller ungar no. La dei vere.
- Har du tilbakevendande problem med måker på taket, sett inn førebyggjande tiltak før hekkinga tek til tidleg om våren.
- Er du i tvil om kva du har lov til, ta kontakt med kommunen før du gjer noko.
Tek vi vare på naturen, tek vi vare på oss sjølve
Måkene er ein del av det same livet i og kring fjorden som gjev oss reint vatn, friluftsliv og gode naturopplevingar. Naturen er ikkje noko som står ved sida av oss, me er ein del av han. Når artane og leveområda har det bra, har vi det betre sjølve òg. Som nasjonalparkkommune arbeider Årdal systematisk med å ta vare på naturmangfaldet frå fjell til fjord, mellom anna gjennom kunnskapsbygging, naturinformasjon og temakveldar i kommunedelplanen for naturmangfald.
Så lat måkene få sommaren sin i fred. Det kostar oss lite og naturen, som vi alle er ein del av, får mykje att.