Kva moglegheiter byr Årdal på i framtida?

Tilflyttarkontoret og Årdal Utvikling inviterte denne veka alle avgangselevane frå Årdal vidaregåande skule til Årdal Teknologipark for å bli betre kjend med jobbmoglegheitene i Årdal i framtida.

Vi fekk med oss gode ambassadørar frå blant anna Årdal kommune, Norsk Hydro, Årdal Teknologipark og FjordAlg som fortalde om deira karriereval og vegen frå vidaregåande skule til studie- og lærlingløp, til arbeidsstaden sin i dag. Det blei også tid til omvising på biolaben til FjordAlg og øvingsfabrikk i  teknologiparken, samt å formidle informasjon om generelle sektorbehov og utdanningsstipenda som Årdal kommune har til ulike studieløp.

Noko av det som blei vektlagd frå er at i Årdal finst det jobbmoglegheiter innan eit utruleg vidt spekter av sektorar. Ein treng ikkje å vite i dag nøyaktig kvar ein skal ende opp og at det er mange vegar å velje – og ingen val er feil. Å synleggjere moglegheitene som Årdal byr på i framtida blei godt tatt i mot og vi ynskjer elevane lukke til i framtida og ynskjer alle velkomne til arbeidslivet i teknologibygda!

Nokre solide punkt frå ambassadørane våre som er verdt å nemne:

  • «Ein må vere klin kokos for å ikkje ta i mot dette jobbtilbodet frå Norsk Hydro i Årdal» - sagt av NTNU-rådgjevar til påliteligheitsingeniør Ane Johnsgaard.
  • «Skulle eg verkeleg ta det store steget å flytte heim frå Oslo? Då hjalp det å ringe til Astrid på tilflyttarkontoret for innspel og personleg erfaring om valet om å flytte" – Stine Ohrvik, klima -og miljørådgjevar i Årdal kommune.
  • «Her er det noko for alle – me treng alle som ein av dykk i framtida, alt frå fagarbeidarar til økonomar, helse og omsorg og teknologar» - Frank Øvstetun, Sitep.
  • «No er de i startgropa til sjølve livet, de kan velje og vrake i kva de vil og forme livet akkurat sånn som de vil. Det er så spennande! Ingen val er feil og eg håpar de klarar å stå støtt i valet de tar» - Henrik Foss, idrettskonsulent i Årdal kommune.
  • «Eg har alltid trivast i Årdal og har ikkje hatt eit behov for å ut herifrå. Her har eg alt eg treng på arbeid med gode moglegheiter for utvikling på arbeidsplassen, gode lønningar som gjer at fritida mi er full av festival og konsertar, akkurat slik det passar meg» -Anders Kvåle Svåi, industrimekanikar og tungbilmekanikar Norsk Hydro.