Kurs i teljing av villrein

Kurset rettar seg først og fremst mot villreinutvala og oppsynspersonell i villreinområda, men andre interesserte er og velkomne til å delta! Målet er å få gode teljingar i villreinområda og solid statistikk som kan brukast i bestandsplanlegging og kvalitetsnorm.

Villrein i snøkledd natur - Klikk for stort bilete

Villreinnemda for Sogn og Fjordane og Norsk Villreinsenter arrangerar enkelt “teljekurs” i tiljing og klassifisering av villrein.

Kurset vert 19. og 20. mai (på kveldstid) i Årdal og på Skei.

Kurset er primært retta mot villreinutvalet og deira personell, men alle som er interessert eller nygjerrige kan delta. Dersom de har lyst til å vere med eller de veit om nokon som dette er relevant for må de berre melde på eller sende vidare.

Påmelding via Forms-skjema