Kurs i Artsobservasjoner - gjennomført

Årdal kommune er i gang med arbeidet med naturmangfaldsplanen. Sjølv om det er gjort fleire kartleggingar av natur, manglar det kunnskap om natur og artar i kommunen. 

Stine Ohrvik

Ein av oppgåvene i arbeidet vårt, er å jobbe aktivt med kunnskapsheving og formidling. For å kunne aktivt samle inn lokal kunnskapen om natur i Årdal, inviterte me Sabima v/ Kristoffer Bøhn hit for å halde kurs og lære oss i å bruke systemet Artsobservasjonar. Oppdraget er at ein tar med seg mobiltelefon eller kamera når ein går ut på tur og registrerer artene som ein ser i naturen, som dyr, insekt, blomar og grønt, fuglar og sopp. Me opplevde under kurset at det er gjort veldig få registreringar i Årdal kommune, samanlikna med nabokommunar, til saman 5 309 funn sida 1985. Luster har over 36.000 observasjonar, Lærdal over 18.000 og Sogndal over 43.000.

Vil du og registrere funn? Det er berre å lage seg ein profil via denne lenka: https://login.artsobservasjoner.no/account/register

Sabima anbefaler å registrere alle funn, med ein filosofi om kvantitet over kvalitet. Om du er usikker om arten kan du fyst bruke Artsorakel appen for å prøve å identifisere den. Alternativt kan ein legge inn at ein er usikker om arten under registreringa.

Med på kurset var det fleire frivillige organisasjonar: Årdal jeger og fisk v/ Vidar Moen, Naturvernforbundet v/ Iselin Helløy, Sogn Botanisk foreining v/ Stine Svang, Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening v/ Tor-Erik H. Paulsen og Fjord og Fjell v/ Albert Berveling. Kvar av desse held ein kort presentasjon om organisasjonen dei representerer. Kommunen var representert med Klima og Miljørådgjevar Stine Ohrvik og Folkehelsekoordinator Taryn Malkhassian, samt Geir Gaarder frå Miljøfagleg Utredning As var med som konsulent. I tillegg var det rundt 15 private interessentar.

I dei to dagane etter kurset vart heldt er det registrert 20 nye observasjonar i Artsdatabanken.