Kunngjering: Opningstider på valdag for Stortingsvalet 2025
I Årdal kan du stemme både søndag 7. september og måndag 8. september.
Du kan stemme i det lokalet som passar best for deg, uavhengig av kvar du bur i kommunen.
Sist endra 03.09.2025 12:57
NB! merk at du på valdagen må stemme i den kommunen der du var manntalsført 30. juni. Har du meldt flytting etter denne datoen, så må du førehandsstemme eller stemme på valdagen i den kommunen du flytta frå.
Årdal kulturhus:
Søndag 7. september kl. 12:00 - 16:00
Måndag 8. september kl. 09:00 - 19:00
Rådhuset Årdalstangen:
Måndag 8. september kl. 09:00 - 19:00
Hugs legitimasjon
Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilete.