Det vil seie at dersom du har flytta til ein anna kommune og melding om flytting ikkje er motteke i folkeregisteret innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du må da førehandsrøyste eller røyste i den kommunen du er manntalsført i på valdagen.
Utlegging av Sametinget sitt manntal
Vallova krev at Sametingets valmanntal skal bli lagt ut samtidig med manntalet til kommune- og fylkestingsvalet.
Manntalet for Årdal kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn på:
- Rådhuset, tenestetorget
- Årdal bibliotek
Manntalet vil liggje ute til ettersyn fram til og med valdagen 11. september 2023.
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet for kommune- og fylkestingsvalet, eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og den skal vere grunngjeven. Klagen sender du til valstyret i kommunen.
Norske statsborgarar som er busette i utlandet, og som ikkje har vore registrerte i folkeregisteret som busette i Noreg ein eller annan gong dei siste ti åra før valdagen, må søkje om å bli innførte i manntalet for å kunne røyste ved valet. Søknaden må ha komme inn til valstyret i den kommunen du sist var registrert som busett i Noreg, innan dagen etter valdagen 12. september 2023 kl. 17.00.
Søknadsskjema for innføring i manntalet.
Krav om retting av feil skal sendast til:
Valstyret i Årdal kommune
Statsråd Evensens veg 4
6885 Årdalstangen
eller på epost til post@ardal.kommune.no