Koronavaksinering i Årdal

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefalar personar over 65 år samt born og vaksne med underliggande risikofaktorar får ein ny oppfriskningsdose med koronavaksine før haust/vintersesong 2023/24.

Årdal kommune har gjennomført hovudvaksinering kampagne i oktober 2023. Viss du har underliggande risikofaktorar, ikkje har fått påfyllsdose i haust 2023 og ynskjer deg ein slik dose, ta kontakt med helsestasjonen.

Ved andre spørsmål om koronavaksine kan du ringe helsestasjonen på tlf 57 66 50 20. 

For å ta vaksine skal det vere minimum 3-4 månadar sidan du hadde korona. Det skal vere minimum 6 månadar sidan førre dose. Du kan finne ut når du fekk siste dose på helsenorge.no. 

Du må vere frisk når du tek vaksine, dvs ikkje feber eller nyoppstått forkjøling/ annan sjukdom.

Sjukeheimsbebuarar har fått tilbod om oppfriskningsdose på sjukeheimen.

Prisar

Alle i risikogruppa får framleis vaksine gratis.

Vaksinasjonsstad:

Helsestasjonen i 2. etasje i helsehuset, Øvre Årdal.
Jotunvegen 4, 6884 Øvre Årdal

Målgruppe/risikogruppa:

  • Alle over 65 år
  • Alle i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke, gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko
  • Barn og vaksne med:
    • Kronisk lungesjukdom, leversvikt og nyresvikt
    • Kronisk hjarte-/karsjukdom
    • Diabetes mellitus, type 1 og 2
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt dei med nedsett lungekapasitet/ hostekraft
    • Nedsett immunforsvar som følge av sjukdom; organtransplaterte, kreft, HIV, reumatoid artritt
    • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • Anna alvorleg sjukdom etter individuell vurdering av lege
  • Helsepersonell som har nærkontakt med pasientar
  • Personar som bur saman med/ er nær immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser

 

Utdyping av risikogruppar og born og unge med alvorleg grunnsjukdom finnes her:  Informasjon om koronavaksine - FHI