Kommunestyremøte torsdag 18. juni
Det er ikkje så mange saker som er på saklista til dette møtet, men det skal i tillegg vere orienteringar frå mellom anna Sognekraft, Årdal Energi Holding og Årdal Utvikling.
Tertialrapport med budsjettendringar
Kommunestyret får lagt fram status for økonomien per 30. april 2026. Rapporten viser utviklinga i drift, investeringar og finans, og inneheld forslag til budsjettjusteringar. Samstundes blir det peika på usikkerheit knytt til innsparingstiltak, og behov for vidare arbeid for å nå budsjettmåla.
Rapport for 1. tertial kan du lese elektronisk.
Status for barnevernet
Den årlege tilstandsrapporten for 2025 viser stabil drift i barnevernet, men høgt aktivitetsnivå og fleire komplekse saker. Fleire barn får hjelpetiltak, og kommunen arbeider med å styrke kvalitet og internkontroll. Tilstandsrapport for barnevernet vert lagt fram for kommunestyret til orientering.
Innkalling, saker og vedlegg til kommunestyret 18. juni kl. 12.00