Kommunestyremøte 24. september

Torsdag 24. september kl. 12.00 er kommunestyret samla til møte i kommunestyresalen. 

Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV.

I starten av møte skal det vere orientering om Musea i Sogn og om Velferdsteknologi for barn, unge og vaksne med tidleg erverva eller medfødt funksjonsnedsettelse.

Aktuelle saker som skal til handsaming er:

  • samarbeidsavtale for NAV Sogn, med Årdal som vertskommune
  • endringar i samarbeidsavtalen for Vest brann- og redningsregion 
  • nytt vertskommunesamarbeid for eldre og avslutta kommunale arkiv 
  • slutthandsaming av kommunen sin første kommunedelplan for naturmangfald 
  • ny gebyrforskrift for plan-, byggje- og oppmålingssaker 
  • høyringsuttale - endringar i organisasjonsstrukturen for dei geografiske driftseiningane i Vest politidistrikt

Kommunestyret skal også drøfte Valgløftet 2027, eit initiativ frå KS for å styrkje tilliten til lokaldemokratiet og fremje ein sakleg debattkultur. 

Du kan lese meir om sakene på innsynsløysinga.