Kommunestyre- og fylkestingval 2023 - kunngjering av valting i Årdal

I Årdal kommune vert det halde val til kommunestyre- og fylkestingsvalet søndag 10. og måndag 11. september. På valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført i. Årdal har elektronisk manntal så du vel sjølv kva stad du vil røyste.

Hugs legitmasjon.

Logo for nasjonalt og lokalt val på nynorsk - Klikk for stort bilete

Årdal kulturhus, Øvre Årdal:

Søndag 10. september kl. 12.00 – 16.00
Måndag 11. september kl. 09.00 – 19.00

Rådhuset, Årdalstangen:

Måndag 11. september kl. 09.00 – 19.00

Førehandsrøysting - siste frist

Siste frist for førehandsrøysting er fredag 8. september og du kan førehandsrøyste følgjande stader i veke 36:

Årdal kulturhus:
Måndag – torsdag kl. 12.00 – 17.00, fredag kl. 12.00 – 15.00.

Rådhuset
Måndag – fredag kl. 08.00 – 14.30

Heimerøysting

Dersom du på grunn av sjukdom eller uføre er hindra frå å møte i lokale for førehandsrøysting eller på valdagen, så kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg. Ta kontakt med kommunen på telefon 57 66 50 00 dersom du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å få røyste heime.
Frist for å melde inn heimerøysting er torsdag 7. september kl. 10.00.