Kommunen bukkar seg i støvet

Me er heilt mållaus over den innsatsen som har vore gjort i fjøra ved moloen i Øvre den siste tida.

Kommunen har køyrt vekk heile 10-12 kontainarar med rekved og bos. Ingenting hadde vore mogleg utan ildsjelane som sette dette igang: Heidi Nagel Øvstetun og Anne Karin Bjørkum. Og ikkje utan store og små som deltok fysisk i oppryddinga. Eller utan bedriftane og personane som kom med pausemat, som Europris, Bunnpris, Ve kiosken, Kiwi Øvre, Kaffistova, Samhold v/Åshild og Stine Sørlie.

Kommunen og bygdene våre er avhengig av dugnadsånda, og den er best i Årdal.

 

Bilete av Anne Karin Bjørkum

Til toppen