Kommunale akutt døgnplassar til kortidsavdelinga på ÅBO
15. mai hadde me samarbeidsmøte med Helse Førde. Bakgrunnen for møtet var særavtalen med Helse Førde om drift av kommunale akutt døgnplassar (KAD).
Sist endra 20.05.2025 10:31
Frå 1. april blei KAD lagt til kortidsavdelinga på ÅBO. Kortidsavdelinga har lang erfaring med å ta imot pasientar frå sjukehus, no skal dei og ta imot avklarte pasientar frå lege. Tilbodet har tidlegare vore plassert på LMS (Lokalmedisinsk senter). Lokal drift av KAD sikrar gode tenesetforlaup i primærhelsetenesta og skal førebygge unødvendige innleggingar i spesialisthelsetenesta.
Frå Helse Førde deltok Samhandlingssjef, Dagrun Kykjebø, Stadleg leiar Lærdal sjukehus, Vidar Øvrebø, og Fagdirektør, Asle Kjørlaug.
Frå Årdal kommune deltok Kommuneoverlege, Frode Myklebust, Tenesteleiar Pleie og omsorg, Mette Kleiva, Avdelingsleiar Kortidsavdelinga, Beate Sem-Johansen, Tilsynslege, Hans Ragnar Skogli, Kommunalsjef Helse og omsorg, Marita Opheim, og Kommunedirektør, Mette Hestetun Berg.
Frå venstre: Tilsynslege, Hans Ragnar Skogli, Kommuneoverlege, Frode Myklebust, Tenesteleiar Pleie og omsorg, Mette Kleiva, Avdelingsleiar kortidsavdelinga, Beate Sem-Johansen, Samhandlingssjef i Helse Førde, Dagrun Kyrkjebø, Stadleg leiar Lærdal sjukehus, Vidar Øvrebø, Fagdirektør Helse Førde, Asle Kjørlaug.