Jodtablettar ved atomhendingar
Grunna situasjonen i Ukraina er det ein del spørsmål til helsestasjonen om jodtablettar.
Foto: DSA
Sist endra 11.07.2023 10:15
Årdal kommune har som del av den nasjonale beredskapen lager av jodtablettar. Den prioriterte gruppa er alle under 18 år, ammande og gravide. Kommunen har eit system for å dele ut dette dersom myndigheitene gir råd om det. Planverk og distribusjonslister vert no oppdatert og kvalitetssikra.
Jodtablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene.
Liten fare i Noreg
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) skriv at risikoen for at det skal bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg er liten. Uavhengig av situasjonen tilrår DSA og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) alle under 40 år å ha jodtablettar lagra i heimen som ein del av eigenberedskap.