Invitasjon til samling for sals- og skjenkenæringa

Årdal kommune inviterer til samling for sals- og skjenkenæringa i kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. 

Rådgivarar frå Korus (kompetansesenter for rusfeltet) kjem til Årdal og vil gå igjennom aktuelle tema for de som har sals- og skjenkeløyve for alkohol.

Tid: 16. september kl. 16.00 – 19.30
Stad: kantina, rådhuset Årdalstangen

Program
kl. 16.00 Opning
kl. 16.10 Alkohol - ingen ordinær vare. Kva er kunnskapsgrunnlaget?
kl. 17.00 Trygg i arbeidet, internkontroll og rutinar - kva treng du å vite som servitør og bartender, og kva er rusmiddelsituasjon av dei som jobbar i bransjen?

kl. 17.45 Illegale rusmidlar i utelivet - inntak samen med alkohol - kva kan skje?
kl. 18.10 Hjelpe- og bistandsplikten - førstehjelp
kl. 18.45 Deeskalerende kommunikasjon

Samlinga er gratis, enkel servering.

Invitasjon er også sendt direkte til næringa. Påmelding på epost til laila.roneid@ardal.kommune.no innan 1. september.