Informasjon om heissituasjonen på Årdal sjukeheim
Heisen på Årdal sjukeheimen er for tida ute av drift, noko som påverkar kvardagen både for bebuarar, tilsette og besøkande.
Situasjonen er krevjande då det fører til at me ikkje får flytta pasientar og utstyr mellom etasjane slik som vanleg og dei som bur i andre etasje kan ikkje kome ut på bakkeplan dersom dei ikkje kan gå i trappa.
For å sikre eit best mogleg tilbod til bebuarane i denne perioden, har me sett i verk fleire tiltak. Mellom anna har me etablert etasjetilpassa aktivitetar slik at alle skal få eit meiningsfullt og trygt tilbod der dei er. Me har òg ein oppdatert beredskapsplan som ivaretek trygg evakuering dersom det skulle oppstå ein naudssituasjon eller nokon skal til sjukehus eller andre aktivitetar.
Me er klar over at dette er ei belastning for dei det gjeld, og me har stort fokus på å følgje opp bebuarane tett i denne perioden. Tilsette gjer ein stor innsats for å tilpasse drifta og ivareta både tryggleik og trivsel.
Samtidig arbeider me aktivt med å setje i verk nødvendige tiltak for å få heisen i drift att så raskt som mogleg.