Helsefagarbeidar i heimehjelpstenesta

Me har no ledig ei 80 % fast stilling som heimehjelpar (stillinga kan bli utvida til 100% på sikt ved andre avgangar). Til denne stillinga ser me etter deg som er autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar, då arbeidet vil innebere både praktisk bistand og helsehjelp. Søknadsfrist 23. oktober.

Vil du bidra til at eldre kan bu trygt og godt heime lenger?

Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode relasjonar og gjere kvardagen litt enklare og tryggare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter.

Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å meistre kvardagen og halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du blir ein del av kvardagen til menneske som set pris på både hjelpa, tryggleiken og den gode kontakten du bidreg med.

Stillinga kan også innehalde praktiske oppgåver og helsehjelp på sjukeheim.

Les meir om stillinga her