Gratis badekort til alle grunnskuleelevar i friluftsbadet i sommar
I samband med Hydro sin open dag den 12. juni vart Stine Moen Bakken, som er leiar for kultur i Årdal kommune, overlevert ein sjekk på kr. 200.000,- . Dette på bakgrunn av ein særs god søknad som ho skreiv til Hydro for å få støtte til lokale aktivitetar og arrangement.

Pengane skal gå til badekort for elevane i grunnskulen i Årdal. Denne gåva, saman med tidlegare løyvde midlar fra Sogn Sparebank, gjer at grunnskuleelevane i Årdal kommune får gratis badekort i utebassenget i sommar.
Korta vert delt ut av skulen før elevane tek ferie.
Årdal kommune seier tusen takk til Hydro og Sogn Sparebank.
Gratis badekort til alle grunnskuleelevar vil, saman med dei andre aktivitetane som blir arrangert i sommar retta mot barn og unge, sikre at alle barn i Årdal har anledning til å ha ein aktiv sommar.