Geithus avfallsforbrenningsanlegg er stengt

I nesten 40 år har Geithus avfallsforbrenningsanlegg vore i drift. Anlegget har i denne tida hatt løyve til forbrenning av ulike fraksjonar avfall.

Onsdag 22. mars var siste dag det var brenning av avfall i Geithus.

Geithus avfallsforbrenningsanlegg er no stengt. - Klikk for stort bilete

Miljødirektoratet har vedteke stopp av avfallsforbrenningsanlegget innan 1. april 2023. Avgjerda er basert på at Årdal kommune ikkje overheld krava til utslepp til luft i løyvet/avfallsforskrifta kapittel 10.

For at kommunen skal kunne klare å oppfylle krava som er varsla i forslaget til endringar i avfallsforskrifta §10, må det byggjast nytt forbrenningsanlegg.

Avfallsforbrenning i Noreg er dirigert under EØS avtalen, og Miljødirektoratet har overteke ansvaret frå Statsforvaltaren. I 2019 vedtok EU nye BAT-konklusjonar for avfallsforbrenning under industriutsleppsdirektivet. BAT-konklusjonane angir dei beste tilgjengelege teknikkane for forbrenning av avfall og utsleppsnivå. Geithus forbrenningsanlegg ville ha hatt problem med å oppfylle krav til måling og utsleppsreduksjon utan betydelege kostnadar som ville ha gått utover gebyrsatsen i Årdal kommune.

Geithus forbrenningsanlegg har i dag batchfyring utan energiutnytting. Denne type anlegg fører til auka utslepp i opp- og nedkøyringsfasen. I tillegg vil krav om utsortering av matavfall frå 2023 gje så høge temperaturar i anlegget at det vil skade omn og utstyr med påfølgande problem med å oppfylle alle krava i avfallsforskrifta kapittel 10 og i utsleppsløyvet som kommunen har på anlegget.

Årdal har heller ikkje nok avfallsmengder i kommunen til å drifta eit nytt anlegg med kontinuerleg forbrenning og dagens plassering gjer at det ikkje er mogleg å utnytta energien.

Når det no har kome endringar i avfallsforskrifta, med krav om utsortering av plast og matavfall frå 2023 samt at ein skal sortera meir og rapportera meir, vil det for ein kommune av Årdal sin storleik vere vanskeleg å handtere dette sjølv.

Årdal kommune er i gang med prosessen med overgang til Simas. I løpet av 2023 skal forma på samarbeidet avklarast. Kommunestyret skal 27. april handsame forslag til avtale som no ligg føre. Etter planen skal ei ny fullverdig ordning med Simas starte opp frå 1. januar 2024.