Frisk start på veka! Fellestrening utandørs
Vær sosial, ha det kjekt og kom i litt bedre form !
Frisk start er eit gratis tilbod til deg som vil komme opp frå godstolen og i aktivitet saman med andre!
Økta inneheld oppvarming, lett styrketrening og kondisjonstrening. Me held på i 45-60 minutt og lovar god stemning.
Tid og stad :
Mandagar kl. 14:00
Frå 22. juni til og med 27. juli
Oppmøte ved Tufteparken/klatreparken i Øvre
Kontaktinfo:
Emelie (turnusfysio) mobil: 976 89 603
Karianne Gudvangen (fysio) mobil: 902 16 589
Tilbodet er gratis – ta med deg ein ven og kom.

Sist endra 11.06.2026 14:43