Formannskapsmøte torsdag 22. oktober

Formannskapet har møte i kommunestyresalen torsdag 22. oktober kl. 08.00. 

Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV 

Av aktuelle saker som er til handsaming denne dagen er:

Økonomi og budsjett

Kommunedirektøren legg fram 2. tertialrapport med budsjettendringar for Årdal kommune per 31.08.2026 i tråd med gjeldande økonomireglement. Rapporten gir status for driftsøkonomi, investeringar, sjukefråvær, finansforvaltning, planarbeid og oppfølging av politiske vedtak.

I tillegg skal formannskapet drøfte vidare arbeid med budsjett 2027 og økonomiplan 2027–2030, inkludert statsbudsjettet og prinsipp for kommunale gebyr neste år.

Rutine for handtering av varsel

Årdal kommune har ikkje eit eige reglement eller rutine for handtering av varsling som gjeld overordna nivå. Kommunen har allereie ordinære rutinar for varsling gjennom HMT-systemet, men desse er i hovudsak retta mot den ordinære drifta. Når varsel gjeld øvste administrative eller politiske leiing, er det behov for ei særskild ordning som sikrar uavhengig behandling og tydeleg rollefordeling. Det er lagt fram forslag til ny rutine for handtering av varsel som gjeld kommunedirektør, ordførar og andre folkevalde. 

Klagesak om skjenketid

Formannskapet skal behandle klage frå Tya Bakeri AS om skjenkestart for alkoholhaldig drikke i gruppe 1 og 2. Saka gjeld om skjenking skal kunne starte kl. 10.00 i staden for kl. 12.00.

Regionale saker 

Formannskapet skal drøfte innspel til Sognatinget 9. november, der framtida for regionsamarbeidet i Sogn er tema. Det er og lagt opp til ei politisk drøfting om marint vern av Sognefjorden som har høyringsfrist 1. november. 

Sakspapir med vedlegg