Sakspapira til møtet er tilgjengelege på innsynsløysinga til kommunen.
Budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2037
Formannskapet får lagt fram Arbeidsdokument 3 - Budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2037 frå administrasjonen og skal drøfte investeringsplan for perioden 2027-2030, investeringsbehov fram til 2037 og innspel som er komne inn til budsjettarbeidet.
Samarbeidsavtale om NAV Sogn
Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Vik og Årdal har fatta positive prinsippvedtak i desember 2025 om etablering av vertskommunesamarbeid for dei kommunale NAV-tenestene, med Årdal som vertskommune. Kommunane skal no handsame samarbeidsavtalen som ligg føre.
Endring av samarbeidsavtale for Vest brann-og redningsregion KO
Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har søkt om deltaking i Vest brann- og redningsregion KO (VBR KO). Opptak av nye deltakarar krev endring av samarbeidsavtalen. Representantskapet i VBR har vedteke dei føreslegne endringane, og saka vert no lagt fram for handsaming i kommunane.
Samarbeid om kommunale arkiv og delegering av mynde
Årdal kommune er deltakar i Kommunearkivordninga i Vestland (KAV), eit kommunalt oppgåvefellesskap som utfører arkivdepottenester for eldre og avslutta kommunale arkiv for 18 kommunar frå tidlegare Sogn og Fjordane og Vestland fylkeskommune. Samarbeidet vert no, i tråd med politiske vedtak hausten 2025, omorganisert til eit administrativt vertskommunesamarbeid med Vestland fylkeskommune som vertskommune. Samarbeidsavtalen som skal regulere samarbeidet i forsøksperioden ligg no føre og skal vedtakast politisk i alle deltakarkommunane og i fylkestinget før samarbeidet kan tre i kraft.
I samband med godkjenning av samarbeidsavtale vert det og lagt fram eiga sak om delegering av mynde frå Årdal kommune til Vestland fylkeskommune.
Kommunedelplan for naturmangfald 2026-2038
Slutthandsaming av Kommunedelplan for naturmangfald 2026–2038 for Årdal kommune, jf. plan- og bygningslova §§ 11-14 og 11-15. Dette er Årdal kommune sin første heilskaplege plan for naturmangfald og den har 21 tiltak for å styrkje kunnskapsgrunnlaget og ta vare på naturverdiar i Årdal.
Ny gebyrforskrift
Slutthandsaming av ny forskrift for private planforslag, byggje- og delesaker, eigarseksjonering og oppmåling. Forskrifta skal gi eit meir oversiktleg og ressursbasert gebyrsystem.