Formannskapsmøte 28. august

Formannskapet startar opp igjen etter ferien og det er møte torsdag 28. august kl. 11:30.

Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV.

Det er òg arbeidsmøte om budsjett 2026 med formannskap, administrasjon og tillitsvalde kl. 09.00, og møte i eigarskapsutvalet kl. 13.00. Desse møta vert det ikkje sending frå.

Saker til handsaming i formannskapet er:

PS-096/25 Opning av møte - godkjenning av innkalling og sakliste, val av personer til godkjenning av møteprotokoll
PS-097/25 Orienteringssaker
PS-098/25 Referatsaker
PS-099/25 Budsjett 2026/økonomiplan 2026-2029 - rammesak
PS-100/25 Oppretting av kommunekomite for Tv-aksjon 2025 og økonomisk stønad
PS-101/25 Søknad om skjenkeløyve for Tya Pub og bar
PS-102/25 Innspel til forslag til utgreiingsprogram – mogleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde
PS-103/25 Søknad om dispensasjon på gnr 16 bnr 8 - Ivar Aasens veg 3, 6884 Øvre Årdal
PS-104/25 Søknad om dispensasjon på gnr 32 bnr 193 - Tungeteigen 7
PS-105/25 Søknad om dispensasjon på gnr 4 bnr 78 - Meierigata 3
PS-106/25 Søknad om dispensasjon på gnr 9 bnr 36 - Bungalowvegen 12
PS-107/25 Samlesak for delegerte byggesaker
PS-108/25 Samlesak for delegerte saker frå landbrukskontoret
PS-109/25 Samlesak for delegerte skjenke og serveringssaker

Les sakene og sjå vedlegga som høyrer til på innsynsløysinga vår.