Førehandsrøysting i samband med stortingsvaletLytt til tekstenStopp avspillingFørehandsrøystinga startar 11. august og varer fram til og med 5. september kl. 15.00 i Årdal.I år vert det ikkje sendt ut valkort, kun ein informasjon til deg som veljar at du har røysterett. Ta med legitimasjon når du skal røyste. Sist endra 07.08.2025 08:36 Du kan førehandsrøyste desse stadane i Årdal:Tenestetorget, rådhuset 11. august til 5. september, alle kvardagar kl. 10:00 til 14:00Årdal kulturhus (inngang til kultursal)25. august - 29. august kl. 11:00 - 17:001. september - 4. september kl. 11:00 - 17:00 5. september kl. 11:00 - 14:00ÅBO torsdag 4. september kl. 12:00 - 13:30Institusjonar Det vert høve for bebuarane på sjukeheimane til å røyste i veke 36. Informasjon om dag og klokkeslett vert informert om på sjukeheimane.Røyste heime (ambulerande stemmemottak)Dersom du er alvorleg sjuk eller ufør og ikkje kjem deg til lokale for å førehandsrøyste eller på sjølve valdagen, så kan du få tilrettelagt for å røyste heime. Ring da til Tenestetorget, telefon 57 66 50 00, for å avtale tid. Du vil da få besøk av valmedarbeidarar i heimen din i løpet av veke 36. Siste frist for å gjere avtale er torsdag 4. september kl. 12.00.