Forbod mot bruk, parkering og lading av el-sparkesyklar i kommunale bygg
Kvifor:
Brannar i elektriske sparkesyklar er eit aukande problem både nasjonalt og lokalt. Brannvesenet rapportera om fleire utrykkingar til slike brannar, som utviklar seg svært raskt, er vanskeleg å sløkke og avgjer røyk som kan ta livet av menneske.
Forbodet gjelder frå: 01. april 2026.
Brannane startar som ofte p.g.a. skader på el-sparkesykkelens litiumbatteri. Desse batteria er meir sårbare for slag og ytre påverknad enn batteria i vanlege el-syklar, og faren for brann er difor større. Tidlegare har dei fleste brannar oppstått mens sparkesyklane sto til lading, men nå skjer det også fleire brannar når batteria ikkje er tilkopla straum.
For å ivareta sikkerheita til brukarane og tilsette gjeldande bygg, vert det innført forbod om bruk, parkering og lading av el-sparkesyklar innandørs:
- Barne- og ungdomsskular
- Gymsalar og idrettshaller
- Barnehagar
- Bibliotek
- Kulturhus/kino
- Rådhus
- Institusjonar
Vi ber alle besøkande, elever og tilsette om å respektere forbodet. El-sparkesyklar skal ikkje takast med inn i bygningane og skal ikkje ladast i tilknyting til desse.

Takk!
Gaute Johnsgaard Svein Ove Åmås
Brannsjef Branninspektør
Sist endra 06.03.2026 11:16