Fagsjukepleiar ved Årdal sjukeheim - 100% vikariat
Er du ein trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert person som er kvalifisert til å fylle rolla som Fagsjukepleiar?
Me har eit ledig 100% vikariat i perioden 12.01.26 til 15.11.26.
Søknadsfrist: 04.01.26
Sist endra 05.12.2025 14:54
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som fagsjukepleiar?
Som fagsjukepleiar vil du ha hovudansvar for oppfølging av pasient og pårørande på Årdal sjukeheim. Du vil vidare ha ansvar for at alle pasientar har primær og sekundærkontakt, samt fagleg utvikling av tenesta. Du vil ha sjukepleiefagleg oppfølging og kvalitetssikring av tenesta i samarbeid med avdelingssjukepleiar. Du vil også vere koordinator mot andre avdelingar i pleie og omsorg. Du vil også få ansvar for å bidra med undervising og fagleg rettleiing av helsepersonell i pleie og omsorg, årshjul, fagdagar, kompetanseheving og samarbeid med ressursgrupper.

Les meir om stillingen og søk elektronisk.