Tema: Reiseliv og landbruk
Stad: Tufto Gard og Gudvangen Hotell
Når: 3. september, klokka 12:00-16.:0
Sist endra 13.08.2025 07:46
Geiter på TuftoKorleis skal me lukkast med å driva matproduksjon, og samtidig ta imot besøk av reisande til våre bygder?
- Samlinga startar med gardsbesøk på Tufto gard kl 12.00. Her er det geitehold med mjølkeproduksjon og utleigehytter og campingplass. https://tuftogard.no/
- Ca klokka 13.00 vert det servering av lunsj og framhald av programmet på Gudvangen Hotell
Desse kjem:
- Olav og Liv-Karin Stalheim, bonde og turistvert
- Solveig Kvakestad, Steinbergdalen turisthytte og SAKTE - bruk av lokal produsert mat og lokale råvarer frå naturen vår
- Stefan Karlstrøm, byggesakshandsamar i Aurland og Lærdal - «Harde fakta» - kva seier lovverket om reiselivsverksemd på landbrukseigedomar
- Kjell Bøe Bjørgum - erfaringar og tankar frå ordføraren i reiselivskommunen Aurland
- Landbrukssjef Magnhild Aspevik
Håpar du og kjem!
Atterhald om endring i programmet.
Servering av lunsj, kaffi og kaker. Gje beskjed om eventuelle matallergiar.
Påmelding innan 24. august til beate.stolen@laerdal.kommune.no