Fagarbeidar/assistent i SFO – Tangen skule

Vil du vere med og skape ein god kvardag for borna?

Ved Tangen skule har me no ledig ei 40% fast stilling som fagarbeidar/assistent i SFO. Me ser etter deg som ynskjer å vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen i kvardagen til elevane våre. Søknadsfrist 1. september.

Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar

Hjå oss får du vere med på å skape ein inkluderande og stabil kvardag der borna opplever meistring, trivsel og gode relasjonar. Arbeidsdagane vil vere varierte og innhaldsrike. Du vil vere aktiv saman med elevane i leik og aktivitetar, og bidra til at kvar einskild elev får utvikle seg sosialt gjennom godt samspel og kommunikasjon. Samarbeid med kollegaer og heimane til borna er også ein viktig del av arbeidet.

Les meir om stillinga her.