Er du vår nye kollega i barnehagen?
I barnehagane våre er kvardagen fylt med leik, læring, nysgjerrigheit og omsorg. Me jobbar kvar dag for at barna skal oppleve meistring, tryggleik og glede. Me treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med og gjere ein forskjell i barna sine liv.
Søknadsfrist: 5. oktober 2026
Sist endra 21.09.2026 13:37
Kan dette vere jobben for deg?
Me søkjer medarbeidarar med ulik utdanning og bakgrunn:
For stilling som barnehagelærar er det krav om barnehagelærarutdanning. Søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning kan også vere aktuelle.
For stilling som fagarbeidar er det ynskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant fagutdanning kan også vere aktuelle.
For stilling som assistent er det ikkje krav om fagbrev. Relevant erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men me oppmodar også deg som har interesse og motivasjon for å arbeide i barnehage til å søkje.
For alle stillingane er det viktig at du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det må også leverast godkjend politiattest før oppstart.
Les meir om stillingane og søkje på Ledige stillingar sida vår.