Endring i fakturaintervallet

Årdal kommune har sendt ut faktura for kommunale avgifter 1. termin med forfall 15. februar.

Eigedomsskatt vert til vanleg betalt i 4 terminar med forfall 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.
Arbeidet kring hovudtaksering (10-årstaksering) for eigedomsskatt 2022 inneber eit heilt nytt skattegrunnlag på alle eigedomane i kommunen, og skal være ferdig innan 1. mars 2022 (lov om eigedomsskatt §14). Eigedomsskatt 1.termin vil ikkje inngå på fakturaen kommunene sender ut no, då grunnlaget ikkje er ferdig. Ein vil oppleve at fakturaen har noko mindre kr. beløp enn vanleg. 
Eigedomsskatt 1. termin vert slått saman med 2. termin, og fakturert samla med forfall 15. mai 2022.