1.oktober håpar Årdal eldreråd du vil komme og tilbringe tidleg ettermiddag med dei. Dei inviterar til eldredag litt utanom det vanlege. Det vert oppmøte i Kultursalen i Øvre Årdal for presentasjon og gjennomgong av utstillinga “Den trygge bustaden”. Her deltek fagfolk innan feltet og du vil få mange tips og triks til eigen bustad.
Sist endra 29.09.2026 15:23
Programmet denne dagen vert:
11:00 | "Den trygge bustaden", utstilling i kultursalen, i Øvre, med tips og triks for å gjere bustaden tryggare. |
Ca. 12:00 | Me bevegar oss over gata til Bakeriet og får noko lite å bite i. |
Ca. 12:15 | Velkommen ved ordførar, Christian Sønstlien. |
Ca. 12:30 | Kommunalsjef Helse og omsorg, Marita Opheim, informera frå helsesektoren i Årdal kommune |
Ca. 13:00 | Underhaldning ved Erling Arvid Hovland (Elle) |