Eit friminutt prosjekt på Farnes skule
Vinteren 2025 starta Farnes skule eit friminutt-prosjekt på mellomsteget. Dette er eit prosjekt der elevane sjølve er ansvarlege for å setje i gang leik og aktivitetar i friminuttane.
Sist endra 20.05.2025 09:22
Målet er eit ynskje om å auke aktivitetsnivået, skape eit betre samhald og eit tryggare skulemiljø. Ein ynskjer å gje elvane gode sosiale opplevingar, samt la elevane få oppleve gleda av å meistre sosialt i fellesskap med andre.
Miljørettleiar Jannicke Øyre Nundal starta med å presentere tankar og mål for prosjektet for elevane, deretter fekk elevane høve til å søke på stillingar som aktivitetsleiarar på skulen. Det var mange ivrige elevar som søkte, og desse har no delteke på eit minikurs i å vere aktivitetsleiarar. Som aktivitetsleiar vert det lagt vekt på å vere støttande, inkluderande og vise respekt. Dei skal passe på at alle føl reglar, og er greie med kvarandre. Saman med andre aktivitetsleiarar og aktivitetsansvarleg, skal dei planlegge aktivitetar som gjev flest mogleg oppleving av meistring. Aktivitetsleiarane har rullert på å ha ansvar for sine aktivitetar to gonger i veka.
Det har til no i prosjektet vore stor aktivitet både i gymsalen og ute på skuleplassen. Ein har sett aktive elevar med høg faktor av trivsel og glede. Aktivitetsleiarane har vore særs engasjerte, vist glede og tydleg stolte over å ha hatt ansvaret😊
Bilete frå nokre aktivitetsleiarar og aktivitetar i friminuttane