Eigedomsskatt Årdal kommune 2026

Offentleg ettersyn

Eigedomsskattelister:

Eigedomsskatteliste for 2026 vert lagt ut til offentleg ettersyn i 4 veker frå 27.februar. Eigedomsskatteliste er tilgjengeleg ved tenestetorget på rådhuset på Årdalstangen. Eigedomsskatten er utskriven etter eigedomsskattelova §3a. 

Skattesatsar 2026:

I tråd med kommunestyret sitt vedtak i KST-sak 80/25 i møte 18.12.25 gjeld desse skattesatsane for 2026: 

  • For bustader og fritidsbustader er eigedomsskatten utskriven med 4kr kvar 1000kr i takstverdi (4 promille). 
  • Eigedomsskatten for andre eigedommar, for næringseigedom, energianlegg (kraftanlegg og kraftnett) og ubebygde tomtar, er eigedomsskatten skriven ut med 7kr for kvar 1000kr i takstverdi (7 promille). 
  • Fritak for eigedomsskatt for skatteåret 2026 er hadsama av kommuestyret KST-sak 77/25 i møte 18.12.25. 
     

Takstgrunnlag:

Siste allmenne takstering i 2022 ligg tilgrunn for utskriving av eigedomsskatt. Der det har vore endringar på eigedommen er det gjennomført retakstering etter eigedomsskattelova § 8A-3 punkt (5). Skatteytar som har fått endra takst for skatteåret 2026 har fått ny skattesettel tilsendt. 

Informasjon om klagerett:

Klagefrist for utskriven eigedomsskatt 2026 er innan seks veker frå listene vert lagt ut til offentleg ettersyn. Klage skal sendast skriftleg til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no. Klagefristen er 12. april 2026. 

Klage kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år jf. eigedomsskattelova § 19. Klagenemnd for eigedomsskatt er klageinstans for takstvedtak fatta av Sakkyndig nemnd for eigedomsskatt. Dersom klagar ikkje får medhald eller berre delvis medhald hos Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt, går saka vidare til Klagenemnd for eigedomsskatt. Klager vert handsama etter klagefristen 12.april. 

Eigedomsskatten vert fakturert i 4 terminar med forfall 15.februar, 15.mai, 15.august og 15.november. Faktura andre termin vert eventuelt justert for ny takst.  Eigedomsskatten skal betalast ved forfall sjølv om du har sendt inn klage jf. eigedomsskattelova § 25.