Eigedomsskatt 2025 - søknad om fritak for lag og organisasjonar
Lag og organisasjonar kan søkje om fritak for eigedomsskatt innan 29. november.
Sist endra 22.11.2024 10:26
Kommunestyret vedtek i samband med budsjetthandsaminga kvart år, føresetnadane for utskriving av eigedomsskatt.
Dei som etter § 7 i lov om eigedomsskatt kan søkje om fritak frå eigedomsskatt for 2025, må gjere det innan 29. november 2024.
§ 7 a i lov om eigedomsskatt:
«Kommunestyret kan fritaka desse eigedommane heilt eller delvis for eigedomsskatt;
- Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten».
Søknad må sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller til postmottak@ardal.kommune.no