Digitalisering i helse og omsorg

Årdal kommune arbeidar med ein digital kommunikasjonsplattform mellom helse- og omsorgstenestene og tenestemottakarar. Her vil den enkelte tenestemottakar kunne sende meldingar med sine aktive helsetenester i kommunen. 
Dette da via si eiga Helsenorge side, medan tenesta mottar meldingane direkte i sitt journalsystemet. På denne måten vil dette vera ein sikker måte å kommunisera med tenesta på, da det er innlogging med BankId i Helsenorge.

Den som mottar ei teneste som arbeidar med arbeidsplan, som t.d. heimehjelp og heimesjukepleie, vil også kunne sjå sine framtidige avtalar i kalendar i Helsenorge. Ein vil også kunne avlyse desse i kalendaren om det er behov. Når planlagde tiltak i kalendaren er gjennomført, vil ein kunne få varsel om dette via SMS eller epost.

Tenesta vil ha svarfrist i løpet av neste verkedag på henvending via digital kommunikasjonsplattform. Den vil i utgangspunktet verta betjent på dagtid. Tenester med døgnbemanning vil kunne svare på andre tidspunkt, men det vil ikkje vera eit krav om det til tenestene. Det vert sendt ut varsel på SMS eller epost, om mottatt beskjed i Helsenorge.

Dersom ein sjølv ikkje kan/vil nytte seg av Helsenorge, kan ein gje fullmakt til ein pårørande. Den med fullmakt får dei same rettane på vegne av ein.

Kommunen har i vår opna for denne moglegheita i psykisk helseteneste og arbeidar no vidare med å opne ei teneste om gangen. Planen er at det vil vera opna for alle i løpet av 2024.

Tenester i kommunen som i 2024 vil få denne tenesta:

  •  Psykisk helsetenesta
  •  Bu- og miljøtenesta
  •  Heimetenestene (heimesjukepleia i Øvre og på Årdalstangen og heimehjelp)
  • Sjukeheimane
     

Neste tenester det skal opnast for er:

  • Heimesjukepleien på Årdalstangen
  • Avdeling Pleie 1 på Årdal sjukeheim (Pasientar som bur i 1. etasje).
     

Det er planlagt opning av kommunikasjonsplattformen for desse den 26. august.

Infoskriv om korleis bruka Helsenorge som kontaktplattform mot helse og omsorgstenestene. (DOCX, 154 kB)

Brosjyre - Enkel kontakt med Helsenorge (DOCX, 491 kB)