«Den trygge bustaden» samla mange besøkande

Tysdag, onsdag og torsdag i veke 40 arrangerte Årdal kommune, i samarbeid med Skadeforebyggende forum, utstillinga Den trygge bustaden i kulturhuset. 

Det var godt med besøk alle tre dagane, men det var særleg stor interesse på Eldredagen. Mange nytta høvet til å sjå utstillinga og få gode råd om korleis ein kan førebygge ulykker i eigen heim.

Utstillinga er kulisser som er utforma som eit vanleg heimemiljø og viser på ein enkel og praktisk måte korleis bustaden kan gjerast tryggare. Målet er å auke kunnskapen om korleis ein kan redusere risikoen for fall, brann og andre ulykker i heimen. Forebygging av slike hendingar er viktig både for livskvaliteten til den enkelte og for at fleire kan bu trygt heime lengst mogleg. I tillegg blei det presentert smarte løysingar som kan gjere det lettare å klare seg sjølv i kvardagen.

Viktig arbeid for eit tryggare lokalsamfunn

Skadeforebyggende forum er ein nasjonal medlemsorganisasjon som arbeider for å redusere talet på skadar og ulykker i samfunnet. Eit av dei prioriterte områda deira er eldresikkerheit, fordi eldre er overrepresenterte i skadestatistikken. Dei fleste skadane skjer i eller rundt heimen, og fallulykker er den vanlegaste årsaka til skade blant eldre. 

Gjennom initiativ som Den trygge bustaden ønskjer Skadeforebyggende forum å skape merksemd kring enkle tiltak som kan gjere kvardagen tryggare. Små grep som betre belysning, fjerning av snublefeller, bruk av støttehandtak og godt brannvern kan utgjere ein stor forskjell. 

Takk til alle som besøkte utstillinga

Årdal kommune er glad for det gode engasjementet rundt utstillinga og vil takke alle som tok turen innom. Det er positivt å sjå at så mange er opptekne av korleis vi kan førebygge ulykker og leggje til rette for at innbyggjarane våre kan leve trygge, aktive og sjølvstendige liv lengst mogleg.

Besøkande får informasjon om korleis ein kan førebyggje fall og ulykker i eigen bustad. - Klikk for stort bilete
Tilrettelagt soverom med pleieseng, personløftar og nattlys som kan førebyggje fall og lette kvardagen - Klikk for stort bilete
Utstillingsmiljø som viser enkle tiltak og hjelpemiddel som kan auke tryggleiken i heimen. - Klikk for stort bilete
Tilrettelagt bad med støttehandtak, dusjstol, toalettforhøgar og sklisikker matte som kan gjere kvardagen tryggare. - Klikk for stort bilete
Hjelpemiddel for ein tryggare heim - Klikk for stort bilete

 

Kjelde: Skadeforebyggande forum si omtale av "Den trygge bustaden" og deira arbeid med eldresikkerheit Den trygge boligen - Skadeforebyggende forum