Boligdugnad.no - ein stad for private som ynskjer å leige ut bustadar
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), Husleietvistutvalet (HTU) og Kommunal- og dirstriksdepartementet (KDD) lanserte 12. juni ein nettstad som gjer det enklare for privatpersonar å leige ut bustadar.
Boligdugnaden.no
Skjermdump av framsida til nettstaden på lanseringsdagen.
Boligdugnaden skal bidra til fleire utleigebustadar
Krigen i Ukraina gjer at det kjem fleire flyktningar til Noreg. Det store behovet for leigebustadar rammar ikkje berre flyktningane, men og studentar og andre som ynskjer seg inn på leigemarknaden. I mange kommunar er utleigemarknadane i ferd med å bli ganske utfordrande, med færre tilgjengelege leigebustadar enn tidlegare. Målet med Boligdugnaden er å få fleire til å leige ut ledige leilegheiter, hus og rom. På nettstaden er det lagt ut korleis gå fram for å leige ut.
Nettstaden vil kunne avlaste kommunane
Boligdugnaden.no formidlar informasjon slik at du som bustadseigarar vert i stand til å gjere ein eigenvurdering av det du ynskjer å leige ut, før du leige ut. På nettstaden kan du:
- Finne ut om ditt hus, leilegheit eller rom kan leigas ut lovleg.
- Lese råd og anbefalingar om kva du bør gjere og ta stilling til før du leige ut
- Få tips til korleis du kan finne ein leigebuar, for eksempel gjennom kommunen din.
Lurar du på å leige ut, sjekk ut boligdugnaden.no
Sist endra 13.06.2023 14:46