Besøk av kommunal- og distriksminister Kjersti Stenseng (AP)

Årdal kommune hadde besøk av Kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng (AP) torsdag 31. juli

Statsråden besøkte Årdal bu og omsorgssenter (ÅBO) der Bente Ålsberg Nesse synte ho rundt på korttidsavdelinga. I tillegg fekk ho snakke med tilsette, pasientar og bebuarar. Statsråden snakka blant anna med to av dei flinke ferievikarane me har i kommunen denne sommaren; Marina Ødegård og Bertine Tørnes. 

Bilete av kommunal- og dirstriktminister Kjersti Stenseng som vitja Årdal og ÅBO 31. juli 2025 - Klikk for stort bilete

Desse to har sommarjobb på ÅBO og skal begge halde fram hjå oss som lærlingar når dei er ferdige, noko me er veldig glad for.