tryggtrafikk.no
Ein fersk studie frå SINTEF, utført i samarbeid med Nord universitet på vegne av Trygg Trafikk og forsikringsselskapet Fremtind, avdekker korleis bruk av berøringsskjermar i biler påverkar sjåføren si oppmerksemda og dermed aukar risikoen for ulykker.
Studien vart gjennomført med 44 personar som utførte ulike oppgåver på berøringsskjerm mens dei køyrte. Ved hjelp av blikkpunktkamera (eyetracker) vart blikkbruk og oppmerksemdsfordeling registrert. Blant oppgåvene som skulle løysast var å endre temperatur, søke musikk og radiokanal og taste inn ein adresse i navigasjonssystemet.
Kartfunksjon er verstingen
Å taste inn ein adresse var den mest krevjande oppgåve. Oppgåva krev at føraren i sum ser på berøringsskjermen i gjennomsnitt heile 15,7 sekunder for å taste inn adressa. Å velje musikk eller skifte radiokanal går litt raskare. Her såg føraren i sum på berøringsskjermen i 10-11 sekunder i snitt. Raskast går det å justere temperatur – og føraren såg berre 3,4 sekunder i snitt på berøringsskjermen.
Det krev ein del presisjon å taste inn adresse, ein må både finne riktig bokstav og deretter taste riktig. Dette er ei meget krevjande oppgåve, i tillegg til sjølve køyringa. Ein del tid går også til å skifte blikket mellom vegen og skjermen.
Og når du tar blikket bort frå trafikken, køyrer du i praksis i blinde. Så jo lenger tid oppgåva tek, jo lenger har du køyrt med bind for auga. Om du køyrer i 22 km/t i bygda mens du tastar ein adresse, har du i praksis køyrt 12 meter i blinde. Styrer du musikken i 2 sekunder mens du køyrer i 63 km/t, har du køyrt over 30 meter i blinde.
Til Venstre: Førar som fokuserer berre på trafikken. Til høgre, førar som tastar inn ein adresse underkøyring. Grafikk lånt frå tryggtrafikk.noFiguren syner kor lenge me ser bort frå vegen når me skal taste inn adresse. Dei blåe strekkene er når føraren ser på veg og trafikk, mens dei røde er når ein ser på skjermen. Til venstre ser me korleis oppmerksemda skal vere når ein køyrer, med små distraksjonar. Til høgre er oppmerksemdsfordelinga når føraren tastar inn ei adresse i navigasjonssystem.
For å redusere distraksjonar mens du køyrer bil med berøringsskjerm:
- Bruk talestyring
- Juster skjermfunksjonar før du begynner å køyre eller når du kan stoppe bilen trygt
- Avgrens tal app’er som freistar
- Vær bevist, prioriter oppmerksemd på vei og traffik
Les heile rapporten her: https://hdl.handle.net/11250/3161863