Artsjakten 2026
Den store artsjakten er ein årleg nasjonal kartleggingsdugnad der målet er å finne og registrere flest mogleg artar i løpet av eitt døgn. Arrangementet vert gjennomført den første laurdagen i juni kvart år, og alle kan delta – enten åleine, saman med familie og vener eller gjennom organiserte turar.
For å delta treng du berre å gå ut i naturen, observere plantar, dyr eller sopp, og registrere funna i Artsobservasjonar. Registreringane vert ein del av eit nasjonalt kunnskapsgrunnlag som vert nytta av forskarar, forvaltning og andre som arbeider med naturmangfald.
Artsjakten er eit døme på folkeforsking, der vanlege innbyggjarar bidreg til å samle inn verdifull kunnskap om naturen. Slike observasjonar kan vere viktige for å dokumentere artar og leveområde, og kan på sikt bidra til betre forvaltning og vern av naturmangfaldet.
Årdal har eit rikt naturmangfald med alt frå fjord og elvar til høgfjell og nasjonalparkområde. Kanskje finn du ein sjeldan plante, registrerer ein ny fugleart for området eller oppdagar noko du aldri har lagt merke til før? Artsjakten er både lærerik, sosial og ein fin måte å bli betre kjend med naturen rundt oss på.
Vi oppmodar alle innbyggjarar til å ta turen ut laurdag 6. juni og bli med på årets viktigaste dugnad for naturmangfaldet. God artsjakt!
Les meir om Artsjakten og korleis du registrerer funn:
Artsjakten hos Sabima
Les om meir om artsobservasjonar