Årets Årdøl, Årets kulturpris og Ungdommens kulturstipend

Den kjekkaste dagen i året for Årdal kommunestyre. Idag var det duka til festleg lag på Klingenberg hotell og utdeling av dei jevaste prisane Årdal kommune kan dele ut.

Alle prisvinnarane fekk utdelt diplom laga av kunstnar Reidun Vinda og ei pengegåve.

Årets Årdøl 2022

blei i år delt ut til to grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske.

FTU Årdal, ei undergruppe av Årdal turlag med fokus på friluftsliv for menneske med nedsett funksjonsevne. FTU Årdal gjer faktisk det umoglege mogleg for med nedsett funksjonsevne ved å tilby tilrettelagte friluftsaktivitetar som gjev meistring og glede i kvardagen.

Lena Nyheim Igari og Thomas Norheim Moen har fronta engasjement for å gje Mengis opphaldsløyve i Noreg. Lena og Thomas har vist eit engasjement for eit medmenneske som fortener å bli lagt merke til, og dei vant fram i lagmannsretten i vår då Mengis fekk opphaldsløyve og blei årdøl.

Årets kulturpris 2022

bestemte Utval for oppvekt og kultur å gje til to personar i år.

Ingeborg Hjelle, kom til Årdal på 1980-talet og har etter det vore engasjert i det meste. Blei trenar i handball, vore engasjert i friidrettsgruppa og turngruppa, drege igang symjegruppa att. Tidlegare i år fekk ho Norges Svømmeforbund sin eldsjelpris og no Årets kulturpris frå Årdal kommune.

Rolf Breisnes, aurlendingen som blei eldsjel i IL Jotun og då spesielt innan friidrett. Han har vore både utøvar og som trenar. Primus motor for Vettisløpet, eit løp som trekte både nasjonal og internasjonal deltaking. Det vert sagt at han kjem i god kontakt med yngre utøvarar.

Ungdommens kulturstripend 2022

bestemte Utval for oppvekst og kultur å gje til to kandidatar i år.

Julian Lægreid, går i tiande klasse på Tangen skulen. Han spelar fotball på gutelaget i IL Jotun og Årdal FK. Han vore å sjå på seniorlaget til Årdal FK og. Kan bokføre med to kampar på G15-landslaget, spelt kampar for Sogndal sitt nasjonale G16 lag og hospitert på Brann. Blitt kalla ein naturleg "goalgetter"

Leah Lægreid Nordnes, ei allsidig idrettsjenta. Aktiv innan dans, turn, fotball og handball. Ho har blitt kretsmeister i turn mange gonger, og vore på sonelag og kretslag i fotball. Ho spelar idag handballfor Kongsvinger IL (der ho er Kaptein) og går på Noregs Toppidrettsgymnas. Før ho starta vidaregåande opplæring i Kongsvinger var ho i IL Jotun. Ho er no teken ut til sesongen fyrst landslagssamling for juniorlandslaget. Leah kunne ikkje delta sjølv idag, så mamma Therese tok imot prisen.