Årets årdøl 2021, kulturprisen 2021 og ungdommens kulturpris 2021

Siste kommunestyre før sommaren blei avslutta med utdeling av dei gjevaste prisane Årdal kommune kan dele ut.

Årets Årdøler 2021 gjekk til kompisgjengen til Sondre, som var uheldig å falt i Fardøla sommaren 2021. Kompisane; Simon, Orion, Jens, Petter og Simen trødde til og gav hendinga ein lukkeleg slutt.

   
Kulturprisen 2021 blei tildelt eit ekte JA-menneske; Jonny Asperheim. Han var med å få Årdal Sogelag igong att (1992) etter fleire år i dvale (sidan 70-talet). Ivrig fotograf og dokumenterar av Årdal og samfunnet her.

  
Ungdommens kulturpris 2021 gjekk til August Da Silva Sveen som driv å hevdar seg i landstoppen innan friidrett. Visar at hardt arbeid lønar seg alltid!

Me gratulerar alle!