Årdal Kraftlag innfører nye kraftavtalar

Frå 1. oktober avviklar Årdal Kraftlag standard variabel pris for privatkundar. I staden kan du velje mellom spotpris og den nye statlege ordninga Norgespris.

– Me har lenge vurdert å tilby spotpris til privatkundane våre. Innføringa av Norgespris gjer at tidspunktet no var rett, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Kraftlag.

Kundane får velja

I dag har både privat- og næringskundar i Årdal kommune standard variabel pris, ein avtale som til dels har følgt marknaden og blitt justert av styret.

– Målet vårt har vore å liggje under spotprisen i vårt prisområde NO5. Det har me klart, trass i store svingingar i marknaden. I 2024 var gjennomsnittsprisen vår 52 øre kilowattimen inkludert avgifter og straumstøtte. Når Norgespris frå 1. oktober får fast pris på 50 øre kilowattimen, er det naturleg å la kundane velje mellom Norgespris eller spotpris med straumstøtte, seier Smedegård.

– Vår analyse av eit faktisk normalforbruk på 20 000 kWh i året viser at Norgespris ville vore det rimelegaste alternativet dei siste tre åra. Norgespris gjev ein stabil pris heile tida og passar for deg som vil unngå store svingningar. Spotpris varierer mykje gjennom året, med både låge og høge prisar. Prisen blir påverka av årstidene, tid på døgnet og kor mykje straum du brukar.

Smedegård strekar under at Norgespris gjeld for både hus og hytter, og har 12 månadars bindingstid.

– Sidan bedrifter og næringsliv ikkje har moglegheit til å tinga Noregspris, ønskjer Årdal Kraftlag å vidareføre dagens gode ordning retta mot næring med konkurransedyktige prisar, legg han til.

Korleis påverkar desse endringane privatkundane?

– Kundane treng ikkje føreta seg noko enno. Frå 1. oktober blir alle privatkundar i Årdal Kraftlag automatisk overført til Årdal Kraftlag timespot utan bindingstid. Når Norgespris blir tilgjengeleg, kan du sjølv bestilla denne avtalen via Elhub. Det gjer du når bestillingsløysinga blir opna mot slutten av september. Meir informasjon vil koma, seier Smedegård og legg til;

– Alle skal kunne inngå Norgespris-avtale, sjølv dei som ikkje har mobil og nettbank. Me oppmodar gjerne familie eller næraste til å hjelpa med bestillinga, samt lese anna offentleg informasjon. Om du likevel står fast vil nettselskapet ditt kunne hjelpe med rettleiing. For å gjera dette enkelt og oversiktleg, vil me:

  • Varsla kundane med tekstmeldingar og oppdatert informasjon på nettsidene våre
  • Ha ei eiga fane med ofte stilte spørsmål (FAQ) om Norgespris
  • Dele ut brosjyrar i postkassane
  • Stå på stand både på torget i Øvre og på Tangen enkelte dagar, der du kan snakka direkte med oss
  • Lage ei enkel steg-for-steg-rettleiing som viser korleis du skiftar til Norgespris
  • I tillegg stiller me gjerne opp på arrangement, til dømes på eldresenteret, om det er ønskjeleg.

Kvifor skal kundane halde fram med å velje Årdal Kraftlag?

– Jo, fordi Årdal Kraftlag er ein lokal leverandør av kraft. Men me er ikkje berre ein kraftleverandør, me er også ein del av eit fellesskap. Me gjev tilbake til bygda vår, der me støttar opp om lag, organisasjonar og arrangement som bidreg til fellesskap, aktivitet og utvikling. Det er me stolte av!