Årdal kommune er regodkjent som trafikksikker kommune

Årdal kommune vart 17. november regodkjent i tre nye år som Trafikksikker kommune.

Kommunen vart første gong godkjent i 2017 og arbeider målretta med trafikktryggleik gjennom Årdal tenk tryggleik. For å bli godkjent må kommunen dokumentere at trafikktryggleik er forankra i planverk, rutinar og tenester.

Trafikksikker kommune er ein gratis nasjonal godkjenningsordning for kommunane i samarbeid mellom Trygg Trafikk og fylkeskommunane. 

Regodkjenninga er eit prov på at kommunen arbeider systematisk og førebyggjande for å skape eit tryggare lokalsamfunn. Trafikktryggleik handlar ikkje berre om vegar og skilt, men også om gode haldningar og trygg åtferd i kvardagen.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete