3 x 100 % faste stillingar som reinhaldar

Vil du vere med og skapetrivelege og reine kommunale bygg?

Søknadsfrist: 23.04.26.

Er du ein person som trivst med å gjera ein viktig jobb som betyr noko for mange? Likar du å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og set pris på orden og kvalitet i arbeidet ditt? Då kan dette vere jobben for deg!

Årdal kommune søkjer no positive, pålitelege og fleksible reinhaldarar til tre faste heiltidsstillingar i reinhaldsavdelinga vår.

Som reinhaldar hjå oss vert du ein del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der me samarbeider tett for å levera gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Reinhaldsarbeidet er ein føresetnad for god drift i barnehagar, skular og andre kommunale bygg – og bidreg direkte til trivsel, helse og tryggleik.

Les meir om stillinga her