2 x 100 % fast stilling ledig på Pleie og omsorg

Ynskjer du å ta ei aktiv rolle i eit viktig samfunnsoppdrag, vere ein viktig del av kvardagen til menneske som treng deg? Me har to ledig stillingar innan Pleie og omsorg.

Søknadsfrist: 23. april.

100 % fast stilling som sjukepleiar

Er du sjukepleiar med hjartet på rette staden og ekte engasjement for eldreomsorg? Då kan dette vere arbeidsplassen for deg. Hjå oss får du ein variert og viktig jobb der fagkunnskapen din verkeleg betyr noko – både for pasientane og for teamet rundt deg.

Arbeidsstad kan variere innanfor tenesteområdet ut frå behov – noko som gir deg brei erfaring og ein spennande arbeidskvardag.

Les meir om stillinga og søk her.

Promo bilete ang ledig stilling som sjukepleiar - Klikk for stort bilete

100 % fast stilling som helsefagarbeidar

Me leitar etter ein trygg, varm og utviklingsorientert medarbeidar som vil bidra med fagleg kvalitet og ekte omsorg i møte med pasientane våre. Er du den rette til å styrke teamet vårt?

Arbeidsstad kan variere innanfor tenesta etter behov – noko som gir deg brei erfaring og ein dynamisk arbeidskvardag.

Les meir om stillinga og søk her.

Promo bilete ang ledig stilling som helsefagarbeidar - Klikk for stort bilete