Kaiavgift

Havnelova sin paragraf 23 om losens plikter ved losing og krav til losen

  1. Fartøy som legg til kommunale kaiar, skal betale hamneavgift etter nedanforståande satsar. Avgifta skal betalast for pr. påbegynt døgn.
    Kaiavgift
    BT-gruppering Akkumulert Avgift pr. BT
    Dei fyrste 300 BT -300 BT 0,60
    Dei neste 300 BT 301 - 600 BT 0,60
    Dei neste 600 BT 601 - 1200 BT 0,60
    Dei neste 800 BT 1201 - 2000 BT 0,60
    Dei neste 1000 BT 2001 - 3000 BT 0,60
    Dei neste 2000 BT 3001 - 5000 BT 0,50
    Dei neste 5000 BT 5001 - 10000 BT 0,50
    Over 1000 BT 10000 BT 0,40

    Minsteavgift kr. 60,- for alle fartøy.

  2. Kaiavgift skal betalast for kvart påbyrja døgn (liggetid)

    Liggetida blir rekna frå den tid skipet legg til kai og inntil det går frå kai. Del av døgn på 6 timar eller mindre blir rekna som 1/2 døgn. Det skal alikavel alltid betalast kaiavgift for minst 1 døgn.

    For fartøy som etter ordre frå hamneoppsynet må gå frå kaien for å gje plass til anna fartøy og deretter legg til kai igjen, blir liggetida rekna som om fartøyet har lege ved kai heile tida. Dersom fråværet frå kaien er over 3 timar, skal det skje eit frådrag i den berekna liggestida som fartøyet er vekke frå kaien.

    Dersom eit fartøy skifter plass ved en kommunale kaien utan å ha vore utanom avgiftsområdet sine grenser, blir liggetida rekna som om skipet har lege ved kai heile tida.

  3. Eit fartøy som ligg utanfor eit anna fartøy som er fortøygd ved den kommunale kaien, og har samband med land over sistnemnte fartøy, skal betale full kaiavgift etter gjeldande satsar.

  4. Fritekne for kaiavgift er orlogsfartøy, både norske og utanlanske.