Rusken-aksjonen 2026 – no med «Livet i og ved fjordane»

I år har den tradisjonsrike Rusken-aksjonen i Årdal fått eit løft: elevar frå barneskule til vaksenopplæring har vore ute og rydda avfall i nærmiljøet, og har samstundes lært om marin forsøpling og naturmangfald gjennom prosjektet «Livet i og ved fjordane».

Årdal kommune har saman med Sogn Friluftsråd gjennomført Rusken-aksjonen i 2026, frå barneskule til vaksenopplæring. Rusken er ein aksjon Årdal har hatt i mange år, og i år har vi oppgradert han med prosjektet «Livet i og ved fjordane».

Kommunen og Sogn Friluftsråd har hatt fagleg opplegg på skulane, før barn og vaksne har gått ut i nærmiljøet og rydda avfall. Prosjektet «Livet i og ved fjordane» vert drive av Sogn Friluftsråd og er finansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn Sparebank og Vestland fylkeskommune.

Christian Johansson underviste om marin forsøpling, liv i havet og kvifor vi ikkje skal kaste ting i naturen. Årdal kommune har på si side informert om kommunedelplanen for naturmangfald.

Det har blitt rydda over heile Årdal i perioden, og det er ein merkbar forskjell på mengda forsøpling. Diverre ser vi framleis ein auke i forsøpling, mykje som kan sjå ut til å vere kasta ut frå bilar i fart.

Årdal kommune og Sogn Friluftsråd håpar vi går våren og sumaren i møte med gode haldningar og god praksis for å unngå forsøpling: at miljøstasjonane vert aktivt brukte, og at ingen brukar naturen som dumpeplass for hageavfall eller anna avfall.

Årdal kommune vil takke Hold Norge Rent, som har bidrege med ryddeutstyr, og det gode samarbeidet med Sogn Friluftsråd, skulane og ikkje minst alle dei flinke elevane på alle trinn.