Rein Sognefjord 2025

Saman gjer me ein større forskjell! Bli med på ryddedugnaden Rein Sognefjord 

Aksjonen Rein Sognefjord er 4 september 2025.

Rein Sognefjord er ein strandryddedugnad. En strandryddedugnad er en dugnad der frivillige vel seg eit område de vil rydde fritt for forsøpling. Det er mange som ryddar land og strand rundt om i Noreg, men det som gjer at denna dugnaden er annarledes frå andre, er at me prøver å få med så mange som mogleg på å rydde på så kort tid som mulig på ein dag. Da ser ein effektane av at det verkeleg hjelper når mange er med å bidrar på kvar sin måte i kvart sitt område. 

Framtidshavet står for organiseringa, og Årdal kommune ynskjer å bidra til å hjelpe med ryddedugnaden ved å engasjere Årdalssamfunnet og hjelpe til med utlevering av utstyr samt dele informasjon.

Det trengs mykje folk denne dagen, og ein kan velge seg kva rolle ein ynskjer å ha i dugnaden.
Ein kan vere med som lokal ryddeleiar eller frivillig ryddar, les meir om kva det inneberer på sidan roller og oppgåver.

Det trengs og nokon som kan ta seg av transport av avfall etter dugnaden.
Har du bil eller båt tilgjengeleg og vil hjelpe til med transport? Førebels har me tenkt at containeren som avfallet skal leverast i, skal stå i Seimsdalen. Men dette kan endrast på, kom med innspel på plassering.

Hjelp oss med å spre ordet om dugnaden!
Følg Framtidshavet på facebook og instagram og meld deg på nyhetsbrevet, og send informasjonen vidare.

Sjå Framtidshavet for meir informasjon

Har du spørsmål?

Stine Ohrvik
Klima- og miljørådgjevar
E-post
Telefon 95 20 96 73